Styreleiarane i Helse Vest og Helse Førde fekk beskjeden i møte med Høybråten onsdag, og kan no starte på nytt arbeidet med å etablere den planlagte fødestova i Lærdal.

For ei dryg veke sidan måtte dei innleigde jordmødrene som skulle ha ansvaret for denne prosessen, snu i døra fordi departementet enno ikkje hadde godkjent opplegget.

— Helseministeren gjorde det no heilt klart at departementet meiner vilkåra er til stades for å opprette ei forsterka fødestove, seier styreleiar Tore Torsnes i Helse Førde til bt.no.

Torsnes ser føre seg at det nye tilbodet kan vere operativt innan kort tid, og han ventar denne gongen ikkje å møte sterke protestar eller demonstrasjonar lokalt.

— Eg er svært letta over å ha fått denne avklaringa rundt tilbodet dei fødande i Indre Sogn skal ha i framtida, seier Torsnes.