OVE ARNE OLDERKJÆR

Det blei klart etter eit foretaksmøte mellom Helse Vest og Helse Fonna i Stavanger torsdag kveld. Dermed blir det ro rundt ei planlagt feriestenging som har skapt sterke reaksjonar blant gravide kvinner i Sunnhordland dei siste vekene.

Den to år gamle fødeavdelinga ved Stord sjukehus blir halden open i sommar ved at Helse Vest styrkjer budsjettet for avdelinga med 570.000 kroner Det er summen som Stord formannskap løyvde for å hindra stenging, men som helseministeren ikkje godtok at helseføretaket kunne ta imot frå kommunen.

Styreleiar Mai Vik i Helse Vest seier til Bergens Tidende at det var ei grundig drøfting i føretaksmøtet torsdag før det blei semje om fødetilbodet på Stord.

Dersom ikkje pengane frå Helse Vest kom på bordet, ville Helse Fonna av økonomiske årsaker stengja fødeavdelinga på Stord i fire veker i sommar. Det ville resultert i at 30 — 40 sunnhordlandskvinner måtte ha reist til Haugesund for å føda.