— Ein siger for Sunnhordland - som også viser at helseføretaket har blitt opnare, noko andre helseføretak bør merka seg, seier Magne Rommetveit (Ap) til Bergens Tidende.

Alt før styremøtet i Helse Fonna (sjukehusa i Haugesund, Odda, på Valen og Stord) onsdag gjorde styreleiar Geir Worum det klart overfor sunnhordlandsordførarane at det ikkje er aktuelt å røra ved fødeavdelinga på Stord.

Medan Helse Vest i utgangspunktet la opp til å fjerna både Odda sjukehus og fødeavdelinga på Stord, kom Helse Fonna-direktør Johannes Kolnes med utspel som førebels berga akuttfunksjonane i Odda og som omdefinerte Stords fødeavdeling til «modifisert fødestove». Det siste førte til full mobilisering i fagrørsla, på grasrota og blant lokalpolitikarane i Sunnhordland. Dei frykta ei massiv overføring av fødslar til Haugesund. Over 13.000 personar skreiv på protestskrivet som til sist hamna hos helseminister Dagfinn Høybråten.

11.juni møtest styret i Helse Vest for å ta endeleg stilling til funksjonsfordelingane blant sjukehusa på Vestlandet. Stord-ordføraren reknar ikkje med at styret nedgraderer fødeavdelinga ved Stord sjukehus etter det som har skjedd i Helse Fonna.

— Helse Fonna sitt opplegg til funksjonsfordeling mellom sjukehusa i vårt område er elles bra. Det går også på tvers av den sentralistiske modellen Helse Vest la opp til. Helse Fonna har brukt ordførarane som høyringsinstans, og dei har lytta til brukarane. Det er eit lyspunkt, seier ordførar Magne Rommetveit.