• Då eg høyrde at Märtha også var gravid, tenkte eg: Vi to kjem til å føde på same dag, seier Silje Kristin Jensen frå Askøy til BT. Som tenkt, så gjort...

For det var akkurat dét dei gjorde, prinsesse Märtha Louise og Silje Kristin. Dei var i fødsel samtidig, den eine på Rikshospitalet i Oslo, den andre på Kvinneklinikken i Bergen.

— Jordmødrene fortalde at Märthas fødsel også var i gang, så eg var klar over det, fortel Silje Kristin.

Med berre to timars mellomrom kom dei små prinsessene til verda. Først Maud Angelica klokka 20:10, så Emma Kristin nøyaktig to timar etterpå. Men det er lite rojalistisk begeistring å spore på familierommet på Storken av den grunn.

— De skulle ikkje byte ut namnet Emma med Maud etter dette?

— Aldri.

— Kristin med Angelica, då?

— Nei, seier mor bestemt.

Berre 44 gram og to centimeter skil dei to. Emma Kristin er pittelitt kortare og pittelitt tjukkare enn Maud Angelica.

Som Ari Behn og alle andre moderne fedre var også Svein Morten Våge (26) med på fødselen.

— Ei fantastisk oppleving. Det var stort, seier han til BT dagen derpå.

— Ari Behn ville gå ut og skyte bjørn og knuse stein etter fødselen. Hadde du det på same måte? - Nei. Eg følte meg litt meir audmjuk etterpå enn han, svarar Svein Morten.

Ein stolt morfar er på føremiddagsvisitt. Både Dan Roger Orø og kong Harald vart bestefedre for første gong denne veka.

— Heilt fantastisk. No må eg vel ut og kjøpe meg stokk, seier Orø Stolt.

FLEIRE PRINSESSER: Emma Kristin kom til verda to timar etter Maud Angelica. Silje Kristin Jensen og Svein Morten Våge kunne ikkje fått ei vakrare prinsesse, dei heller.
FOTO: MARITA AAREKOL