Vesle Katy på 2,6 kilo kom til verda ved hjelp av keisarsnitt, melder BBC.

— Eg er så stolt og takknemleg, seier Linda Weeks frå Maidstone i Kent.

I fjorten år prøvde ekteparet Weeks å få barn. 19. mars, 2007, dagen før den 14. bryllupsdagen, averterte ekteparet etter ein eggdonor på femti London-bussar, og trykte sitt eige bryllaupsbilde i annonsa.

I annonseteksten stod følgande:

«Vi kjem aldri til å bli mamma og pappa, med mindre ei fantastisk kvinne, 36 år eller yngre, kan hjelpe oss, og donere egg. Du er vår einaste sjanse til å bli lukkelege».

Hundre kvinner svarte på annonsa, som kosta ekteparet 2000 pund, men berre ei gjennomførte eggdonasjonen.

Den anonyme donoren tok ikkje betaling for oppdraget.

— Ho er svært genereøs, og har gitt oss og Katy livet i gåve, seier Linda Weeks.

Tidlegare hadde ekteparet brukt 20.000 pund på fertilitetsbehandlingar, og hadde også prøvd å annonsere i lokalavisa.

I Storbritannia er øvre aldersgrense for prøverørsbehandling 55 år. Dette var fru Weeks siste sjanse.