-Nei, våre barn har det travelt. Vi rekk visst aldri til fødestova, seier manna Trine Handal Ekerhovd ((23) og far Christian Ekerhovd (28) frå Strandebarm med eit stolt smil.

Det var i halv åtte tida laurdag kveld at mamma Trine skjøna at fødselen var i gang. Ho og mannen og dottera Eifrid Konstance(4) var då heime hjå Trines foreldre i familieselskap.

-Like før eg kjende dei fyrste riene, hadde vi sett sjukebilen køyra i retning Bergen med blålys. Vi hadde også spøkt med at no gjaldt å halda igjen nokre timar. Eg visste vi kunne få knapp tid. Då Eifrid Konstance vart fødd, rakk vi ikkje lenger enn til legekontoret i Norheimsund.

Men spøken hjelpte lite. Då sjukebil vart bestilt frå Norheimsund, var det eit minutt mellom riene. Trine forstod at ho nok ikkje kom til å rekkja fram til fødesenga på Haukeland denne gongen heller. Ho budde seg på heime fødsel.

-Men både lege og jordmor kom til stades. Og like etter fødselen landa luftambulansen like ved sida av huset. Men bortsett frå at Preben hadde dårleg tid, så gjekk sjølve fødselen føre seg ganske normalt, fortel Trine.

-Preben kom til verda som ein supermann med den eine neven først, legg ein stolt pappa til..

Guten vart fødd 20 minutt før midnatt. Han vog 3770 gram og var 52 cm lang. Før han vart med mor og far til sjukehuset i Bergen, kunne storesyster som sov gjennom heile fødselen. ta ein rask titt på veslebror.

Dei tre første dagane i livet sitt har både Preben, mamma og pappa Christian Ekerhovd budd på Barselloftet på Haukeland Hotell. Men dersom alt går etter planen, er han på veg heim til Strandebarm i dag.

SUPERMANN: - Preben er ein roleg liten gut, skryt mamma Trine Handal Ekerhovd. Men han hadde det travelt då han kom til verda.<p/>FOTO: TOR HØVIK