13 kuldegrader stoppa ikkje denne utolmodige jenta, som bestemte seg for å kome ut grytidleg fredag morgon. Då måtte baksetet i Forden gjere nytten som fødestove, fortel Firda.

— Det var ikkje så mykje å tenkje på eigentleg. Ein måtte berre gjere det, seier Arve Bell, som tok imot dottera med jordmor på tråden.

Ekteparet Kjerstil og Arve Bell reiste frå Viksdalen i Sogn og Fjordane klokka 05.30, med kurs mot sjukehuset. 25 minutt seinare var den velskapte jenta fødd.

— Ungen måtte ut, så då var det berre å ta imot. Det gjekk bra, seier faren til bt.no dagen derpå.

Ingen panikk

Sjølv om ein fødsel utanfor sjukehuset kunne skremt vatnet av dei fleste, så tok desse foreldra det med stor ro.

— Det var ingen vits å miste hovudet.

Den nybakte trebarnsmora seier erfaringa frå tidlegare fødslar kom godt med.

— Det er god hjelp å ha født to born før. Ein vert meir roleg og avbalansert under tredje fødselen. Hadde dette vore første fødselen, då hadde det nok blitt panikk, seier Kjersti Bell til Firda.

To storebrødre

Far heldt jenta varm til ambulansen kom og tok mor og barn med til sjukehuset. Alt står bra til, rapporterer far, som er heime med dei to gutane som ekteparet har frå før.

— Var jordmora fornøgd med innsatsen din?

— Eg fekk ikkje kjeft i alle fall.

Den vesle jenta har enno ikkje fått navn.