— Komme då, komme då, roper Jorge og ristar på posen med kraftfôr i.

Ei kvit lamahoppe ved namn Inti dukkar opp bak ein steinknaus. Sonen Tupac kjem tuslande like etter. Jorge gir dei kraftfôr frå handa.

Han snik seg vidare mellom grantrea på jakt etter nyfødde Llaksa. Det er lettare sagt enn gjort. Dei seks lamaene til Jorge har 30 mål jord å boltra seg på.

— Mora har sikkert tatt med seg Llaksa til ein lun plass og ligg og varmar henne der, seier Jorge.

«Ho som er bronsefarga»

Men brått dukkar det opp ein spinkel brun skapning med hundetrekk over seg. Det er Llaksa. Ho spankulerer rundt mellom mora og broren, som passar godt på henne.

— Åh, der er dei. Llaksa betyr «ho som er bronsefarga» , seier Jorge og smiler.

Det er svært uvanleg at lamaer føder om vinteren, vanlegvis skjer det om våren. Jorge trur det kan vera snakk om ein norgesrekord, han veit iallfall ikkje om nokon andre som har fått lamababy midt på vinteren.

Llaksa blei mest sannsynleg fødd midt på dagen torsdag.

— Me har vore litt nervøse, men alt gjekk veldig bra. Men så var eg godt førebudd. Eg har fått låna eit hundetrekk av ein kollega. Det fekk Llaksa på seg med ein gong eg fann henne, seier Jorge.

Han fortel at lamaer ikkje sleikar avkommet sitt tørt. Llaksa kunne derfor ha frose ihjel om ikkje ho hadde fått på seg trekket i tide.

Frå Chile til Øygarden

Jorge er opphavleg frå Concepción i Chile, men har budd i Norge saman med sambuaren Elise i 14 år. Dei har tre barn saman, og i 2001 kjøpte dei eit nedlagt bruk på Dale i Øygarden. Fire år etter kjøpte dei sin første lama. Ikkje frå Chile, men frå Levanger. Sidan er det berre blitt fleire.

— Du får ein venn for livet i ein lama. I tillegg held dei ved like kulturlandskapet. Og så kan eg formidla min chilenske og søramerikanske kultur til venner og naboar gjennom dei. Det er viktig for meg, seier han.

Alle lamaene har inkanamn. Dei to hingstane heiter til dømes Huascar og Atahualpa etter sønnene til den siste høvdingen i inkariket.

Trur Llaksa overlever

Jorge og Elise har også moskusender og bier på garden, i tillegg til ei rekkje søramerikanske plantar og tre. Men dei har ikkje planar om å gjera lamaene til eit levebrød.

— Me har hatt mange på besøk, som er veldig interesserte, men det skal mykje til for å kunna leva av det. Intensjonen har heller aldri vore å tena pengar på lamaene, seier Jorge.

Han trur vesla Llaksa vil overleva vinteren.

— Ja, eg trur det vil gå veldig bra. Dei vaksne tar seg godt av henne, seier Jorge.

KJØLIG: Vesle Llaksa varmar seg mellom mor og bror. Ho kom til verda på garden til Jorge Chavarria på Dale i Øygarden i går.
BORGHILD BERGE
HOBBYBONDE: Jorge Chavarria frå Chile har budd i Norge i fjorten år. Han jobbar til vanleg som dataansvarleg ved Sotra vidaregåande skule avdeling Sund, og er lamabonde på si.
BORGHILD BERGE
MATKOS: Lamahoppa Inti (2) stortrivst på beite i Øygarden. Ho er ein av seks lamaer på garden til Jorge Chavarria.
BORGHILD BERGE
HUNDETREKK: Llaksa har på seg hundetrekk for å halda varmen.
BORGHILD BERGE