Det vesle nurket i det rosa hekleteppet er fødd den niande dagen i den niande månaden i 2009. Tidspunkt: 09:19.

Men fødselen er slett ikkje resultat av nitid planlegging. Babyen skulle eigentleg kome først om ei veke. Då vatnet gjekk og fødselen var i gang, hadde verken mor eller far tid til å sjekke kalendaren eller sjå på klokka.

— Det gjekk veldig veldig veldig fort, seier mamma Susanne Lambach.

Berre halvannan time etter at ho hadde sjekka inn på Storken, var veslejenta ute.

Tilfeldig timing

Men hadde babyen blitt fødd ti minutt tidlegare, kunne ho slått seg på brystet av å vere fødd 09.09.09. kl. 09:09.

— For å vere litt pirkete: Korleis kunne de bomme med 10 minutt?

— Vi tenkte ikkje på det. Det er rart med det. Eg var mest opptatt av at fødselen gjekk fint og at barnet er friskt, seier nybakt pappa Øystein Herland.

— Så dette med alle 9-tala er meir som ein ekstrabonus?

— Ja. Vi har ikkje gjort noko nummer av det, men det har andre.

Burdagen ingen gløymer

Heller ikkje det sovande barnet ser ut til å bry seg akkurat no.

— Hon har flatet helt ut, slår far fast.

Mamma og pappa har ikkje bestemt seg for namn enno. Det står mellom to. Ingen av dei er Nina.

— Nei, seier mor bestemt.

— Men det blir iallfall ikkje vanskeleg å hugse fødselsdagen hennar?

— Nei, og det er det greie, seier pappa.

— Og lykketalet blir 9?

— Sjølvsagt!

Tor Høvik