Det var onsdag kvinna frå Husnes i Kvinnherad fekk telefonen.

– Dei ringde rundt og samla inn pengar. Det var ein særs uhyggjeleg og ekkel telefon å få, med tanke på at eg ventar barn og står i fare for å måtta reisa til sjukehuset kva tid som helst.

Ulrikke Næss Sundsteigen fortel at ho er glad ho har rygg til å bæra episoden, ettersom ho har fem born frå før.

– Det hadde nok vore verre for ei usikker førstegongsfødande kvinne å takla ei slik ufin oppringing på dette tidspunktet.

Sjokkert

42-åringen svara rett nok høfleg at ho ikkje var interessert i å ta stilling til førespurnaden og la deretter på.

– Men eg legg ikkje skjul på at eg vart sjokkert. Neste gong vil eg ikkje svara like snilt.

Ulrikke Næss Sundsteigen si mor, Turid Næss frå Bergen, er også skaka.

– Dette er så hårreisande. Ekstra ille vert det når familien vår har opplevd endå verre episodar tidlegare.

Ei eldre søster av Ulrikke vart råka av tragedien då ho for nokre år sidan mista to spedbarn med berre eitt års mellomrom.

– I denne perioden opplevde ho eit konstant telefonmas frå ulike krybbedødforeningar. Dette vart sjølvsagt ei vond ekstrabelasting for dotter mi, som sleit med svake nervar etter å ha mista to barn på kort tid.

Dette har fått Turid Næss til å tru at telefonane ikkje er tilfeldige. Ho lurer på om foreiningane på eitt eller anna vis har innsyn i gravide kvinner sine journalar eller terminlister.

– Ulrikke har termin 19. november, så det verka nesten som at oppringjarane visste om det. Det er rett og slett usmakeleg.

– Svindel

Styreleiar Helge Strømskag i Foreldreforeningen Plutseleg Spedbarnsdød (FPS) stiller seg totalt uforståande til telefonoppringinga.

– Vår foreining driv ikkje med telefonsal, så dette må vera svindel. Dersom nokon har brukt vårt namn i eit slikt ærend, vil me straks melda forholdet til politiet. Ein kan berre førestilla seg kor vondt og vanskeleg det må vera å få ein telefon av slik art like før fødselen – eller like etter for den saks skuld.

Ifølgje Strømskag er det ikkje første gong FPS sitt namn vert misbrukt.

– Me opplevde akkurat det same i 2001 og politianmeldte saka då også – utan at nokon vart hekta for det.

Refsa krybbedødforening

Avdelingsdirektør Gry Nergård i Forbrukerombudet kjem til å undersøkje saka nærare.

Tidlegare har ho opplevd å refsa Landsforeningen uventa barnedød.

– Foreininga har fått mange klager på seg. I første rekkje frå kvinner som har fått telefon, anten i samband med graviditet eller etter at dei har mista barnet sitt. Per i dag er telefonsal i stor grad tillate, så der er det ikkje mykje me kan gjera. Men me har bede foreininga om å vera varsame i formuleringane sine, i tilfelle dei treff på personar som er å finna i ein sårbar og vanskeleg situasjon. Dette har dei lova å etterkoma.