Det kan bli lenge mellom riene på fødeavdelinga ved Lærdal-sjukehuset. Ein gjennomsnittsmånad skulle det vore kring 20 fødslar ved sjukehuset. Men per dags dato kan sjukehusdirektør Leif Havnen konstatere at berre fire kvinner vil føde sine barn i Lærdal.

— Eg kan ikkje sjå nokon annan samanheng enn uvissa som er skapt rundt omlegginga frå fødeavdeling til fødestove. Kvinnene er usikre på fødetilbodet, seier Havnen til Bergens Tidende.

— Kvar reiser dei gravide sognekvinnene?

— Eg reknar med at dei anten dreg til Førde eller til Voss, svarar Lærdal-direktøren.

Den oppfatninga delar Siv Enerstvedt, talskvinne for aksjonen «Forsvar Lærdal sjukehus». Ho meiner saka om fødetilbodet for Indre Sogn har utvikla seg til ein rein farse:

— Fødetilbodet i Lærdal er totalt utan styring. Gravide veit ikkje om det er ei fødestove eller ei fullverdig fødeavdeling dei skal føde på. Dei fleste vel no Førde eller Voss på grunn av stadig ulike meldingar og kontrameldingar.

Den siste av desse kom i helga. Helse Førde gjekk då tilbake på eit skriv dei sende ut før jul, om at fødeavdelinga frå og med i går skulle ha vore ei forsterka fødestove. I påvente av helseminister Dagfinn Høybråtens endelege avgjerd, blir fødeavdelinga driven vidare som før.

Både direktør Havnen og aksjonist Enerstvedt håpar dette kan få mange til å ombestemme seg, og velje Lærdal.

— Om det kjem ut skikkeleg informasjon om denne avgjerda, trur eg kvinnene frå Indre Sogn vil dra til Lærdal, seier Enerstvedt.

— Men med berre fire innmelde fødslar for heile januar, er ikkje kvinnene i Indre Sogn no sjølve i ferd med å leggje ned fødetilbodet, Enerstvedt?

— Nei, det er å rette bakar for smed. Dette skjer fordi det er skapt ein situasjon med fullstendig forvirring. Ansvaret for det kan ikkje leggjast på skuldrene til dei gravide kvinnene. Styra i Helse Førde og Helse Vest har ansvaret. Problemet er berre at dei aldri har tatt det. Det har vore snakka mykje om å profesjonalisere sjukehusvesenet. Hadde dette vore ei privat bedrift, trur eg mange ville vore nøydde til å ta sin hatt og gå, seier Enerstvedt.