Vraket av ein Focke-Wolf FW 200 Condor vart mellombels freda i sommar då representantar for Flymuseet i Bodø gjorde vraket klart for helikoptertransport ned frå fjellet. Deutsche Technikmuseum Berlin har meldt si interesse. Men folk i lokalmiljøet slo alarm. Dei meinte at vraket bør bli liggjande som det ligg, til glede for dei som umakar seg så høgt til fjells.

— Om den mellombels fredinga skal gjerast permanent, vil først bli avgjort når snøen blir borte til våren. Då skal vi til fjells og sjå nærare på vraket, seier fylkeskonservator Gerd Bolstad til Bergens Tidende.

Jaktar på delar

Mykje tyder på at vraket vert permanent freda. Fylkeskonservatoren opplyser at Voss kommune arbeider med planar om betre merking av stigen, og oppsetting av informasjonsskilt, der folk også vert oppmoda om ikkje å ta med seg delar av vraket.

Fram gjennom åra har fjellvandrarar teke med seg ei lang rekke større eller mindre suvenirar. Mellom anna sikra ein britisk helikopteravdeling på vinterøving på 70-talet seg haleroret med hakekors til pynt i messa.

Frivillige representantar for Flymuseet respekterer fredinga som no gjeld oppe på fjellet, men har no sett i gang jakt på flydelar nede i bygda, hjå folk som kan tenka seg å ofra suvenirar dei har teke med heim. Mellom anna er ei flydør på veg til Berlin.

Dødsdom

— Eg trur ikkje at eg vil meina noko som helst om denne aktiviteten. Fredinga gjeld det som er att oppe på fjellet. Om det som alt er fjerna, blir liggjande i private heimar eller kjem til nytte for museet i Berlin, er eg ikkje så oppteken av, seier fylkeskonservator Bolstad til Bergens Tidende.

— Det er hevda at fredinga er ein dødsdom for vraket. Det vil i ein periode vera tilgjengeleg for sprekingar, og deretter forvitra til ingenting. På eit museum vert det til glede for svært mange. Kommentar til det?

  • Ja, dette er eg samd i. Spørsmålet er om ein skal legga vekt på sjølve flyet, eller på hendinga i ein større samanheng. I denne samanhengen inngår den konsekvensen at flyet med tida går attende til naturen, seier Bolstad.

Manglar teikningar

Prosjektleiar Birger Larsen ved Flymuseet i Bodø opplyser til Bergens Tidende at hans folk tok på seg nedtransporteringa av vrakrestane på oppdrag frå Forsvarsmuseet, som har kontakten med tyskarane.

— Heretter blir dette ei sak mellom Forsvarsmuseet og fylkeskonservatoren, seier Larsen.

Bolstad opplyser at Forsvarsmuseet har akseptert fredinga, og får lov til å ta mål av vrakdelane der dei ligg.

Deutsches Technikmuseum Berlin hadde planar om å restaurera eit Condor-fly som vart heva frå eit vatn i Trøndelag. Men vraket var i så dårleg forfatning at dei bestemte seg for å bygga ein kopi. Sidan det ikkje finst teikningar av denne flytypen, har kvar og ein bit av flyet på Kvitanosi ein verdi i dette arbeidet. Helst vil museet ha autentiske delar, men fotografi og teikningar, helst målsette, vert også sett pris på.