Det er strengare restriksjonar for lakseoppdrett i Sognefjorden som er grunnen. Villaksstammane er utryddingstrua i elvane i Sogn. Leiar på stasjonen Peter Hovgaard seier til Sogn Avis at flyttinga frå Sogndal ikkje vil bli dramatisk for Skjer-stasjonen.

Han trur at marine fiskeslag til ein viss grad kan kompensere for tapet av laksen i Sogndal. Innan to år kan det nedslitte forskingsanlegget på Skjer bli erstatta med nybygg på 600 kvadratmeter.