Styret i Helse Vest fulgte innstillinga frå ei styringsgruppe, då saka om foretaksgrensene for Indre Hardanger kom opp i dag.

— Foretaksgresnsene blir ikkje endra, men det blir lagt opp til noko fleksibilitet for Eidfjord, seier kommunikasjonsdirektør Bente Aae i Helse Vest.

Dermed forblir dei andre kommunene i Indre Hardanger, inkludert sjukehuset i Odda, i Helse Fonna.

Her er utgreeinga frå styringsgruppa

— Det var ikkje slik vi hadde ønskt det, det er ikkje det å legga skjul på, seier Odda-ordførar John Opdal (H) til Hardanger Folkeblad etter vedtaket.

Innstillinga blei samrøystes vedteke.

— Vi hadde ei god og brei drøftig på dette. Konklusjonen er at vi ikkje må svekke pasientgrunnlaget ved Odda sjukehus så mykje at sjukehuset forvitrar. Det kan føre til at dei ikkje kan halde ein faglig standard som gjer at alle få eit likeverdig helsetilbod, seier Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF til BT.

Han er redd for at kvaliteten på behandling og rekruttering til sjukehuset dersom delar av pasientgrunnlaget blir flytta over til Helse Bergen.

— Vårt ansvar som styre er å tenke på det totale biletet og alle sitt helsetilbod, sier Nilsen.