— Det er nesten sensasjonelt at finansieringa enno ikkje er på plass, åtte år etter at planlegginga starta, seier førstelagmann Rune Fjeld i Gulating lagmannsrett.

Han meiner den nye regjeringa manglar politisk vilje til å få dette og andre byggeprosjekt i hamn.

— Dette er ei klar nedprioritering av domstolsvesenet. Vi er svært misnøgde, seier Fjeld til Bergens Tidende.

Spreidd for alle vindar

Dei 55 tilsette i Gulating lagmannsrett er plassert over fire etasjar i Bergen tinghus og har også lokale i nabobygget. Etter mange års førearbeid skulle utgraving av tomt til lagmannsretten sine nye lokale starte om fire månader.

Men det var før Finansdepartementet fastsette eit nytt reglement. 1. januar kjem nye reglar for løyvingar som seier at om totalkostnadene for prosjekt er større enn det som allereie er løyvd, skal det hentast inn fullmakter frå Stortinget.

No må dommarane bu seg på minst eit halvt år utsetjing før dei kan ta plass i nybygget framfor Rådhuset i Bergen.

I verste fall blir prosjektet utsett på ubestemt tid.

Hus utan sikring

Prosjekt som allereie er under arbeid, blir behandla i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2006 i juni. Men det ligg ingen garantiar om meir pengar der.

— Kan det vere at Gulating lagmannsrett ikkje får bygge likevel?

— Det vil eg ikkje spekulere i. I beste fall er det snakk om eit halvt års utsetjing, seier fungerande avdelingsdirektør Jann Ola Berget i Domstolsadministrasjonen til Bergens Tidende.

Gjøvik og Haugland tingrett blir også råka av dei nye reglane.

Førstelagmann Rune Fjeld meiner det ikkje berre er liten plass som gjer at Bergen tinghus ikkje held mål.

— Vi sit i eit tinghus som er komplett utan sikring. Kven som helst kan gå inn kor som helst, til dommarar og i rettssalar, seier Fjeld.

Nybygget er kostnadsrekna til rundt 170 millionar kroner, men det er årleg husleige på rundt 20 millionar kroner frå 2008 det må løyvast pengar til.