— Eg vil ikkje missa Eldholm til framande, eg vil at garden skal vera i familien. Derfor blir eg tysnesing til jul, seier Torhild Stang til Bergens Tidende.

Foreldra hennar kom frå Tysnes, men sjølv har ho aldri budd på øya før – bortsett frå besøk i helger og feriar, heilt sidan ho var lita jente. I 1992 overtok ho garden Eldholm på Reksteren på odel, og sidan har ho fått utsetjing på buplikta på garden. Men no seie Tysnes kommune stopp.

- Tysnes er beinhard

Ved juletider leiger derfor familien Stang ut rekkehuset på Flaktveit i Bergen, der dei har budd i 19 år, og melder permanent adresseforandring til Tysnes. Elles trugar kommunen med å selja Eldholm med tvang.

— Tysnes kommune er beinhard, og tvinger meg til å bu i det gamle huset utan bad. Det måtte gå an å vera meir menneskeleg, meiner Torhild Stang.

— Kommunen seier at dei vil ha lys i mørke vindauge. Ja vel, men kven skal betala straumrekninga mi? Det er ikkje arbeid til meg på Tysnes. Eg blir ei byrde for kommunen med arbeidstrygd og heile pakken. Eg kan ikkje leva berre av natur og frisk luft, seier Stang oppgitt.

Mannen på hybel i byen

Ho beheld derfor deltidsjobben som kontordame i mannens firma i Bergen, og kjem til å pendla dei tre timane frå Reksteren til byen eit par gonger i veka for å jobba. Mannen hennar flyttar på hybel i Bergen, og pendlar motsett veg i helgene.

Ungane er vaksne. Sonen på 20 ønskjer å overta Eldholm med tid og stunder.

Thorhild Stang
Jan M. Lillebø
UFRIVILLEG EKSIL: – Frå nyttår blir eg tysnesing, seier Torhild Stang, litt oppgitt Ho har ikkje noko val, dersom ho vil behalda odelsgarden Eldholm. Hundane Jacko og Nanett blir med på flyttelasset frå Bergen. (Foto: Jan M. Lillebø)
Jan M. Lillebø