• Betre enn om flyktningane vart overlatt til seg sjølv i ein kommunal bustad, seier sosialbyråden.

Tiltaket er eit samarbeid mellom Bergen kommune og Studentsamskipnaden i Bergen (SIB). 30 av bustadane er sett av til norske studentar, medan dei 13 resterane bustadane leigast ut til unge flyktningar som skal studere.

Leilegheitene, som tidlegare har vore trygdebustader, ligg øvst i Solheimslien. Dei nye bebuarane skal flytte inn ved studiestart.

— Dette er eit tiltak som kan vere med å integrere flyktningane betre, og samtidig gje eit godt fellesskap i blokka, seier sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

- Betre enn kommunal bustad

— Dette er absolutt betre enn om flyktningane vart overlate til seg sjølv i ein kommunal bustad, seier Ulstein, som meiner det er positivt at flyktningane vil bu saman med personar i same livssituasjon.

Ifølgje Ulstein vart leilegheitene reve vekk berre to dagar etter dei var tilgjengeleg.

— Vi har fått tilbakemelding frå fleire studentar som synast dette er eit veldig positivt tiltak. Mange har sagt at dei vil bu i bygget nettopp fordi dei meiner dette er eit spanande prosjekt, seier han.

Kan utvide

I tillegg har kommunen tilsett ein bumiljøassistent i 30 prosent stilling.

— Personen skal vere til stades og skape sosiale aktivitetar, og leggje til rette for godt samhald i bustadblokka, seier Ulstein.

Assistentstillinga skal finansierast med eit integreringstilskot for flyktningane.

Om ordninga fungerer godt, vil kommunen utvide med fleire liknande leilegheitsbygg.

— Vi er veldig spente på korleis dette går. Kommunen har ein intensjon om utvide med endå fleire slike prosjekt saman med SIB i framtida, seier han.