Kombinasjonen svak beredskap i det verharde området rundt Stad, og overkapasitet i oljevernberedskapen i Nordhordland ligg til grunn for avgjerda om flytting.

— Vi gjer dette for å sikre optimal oljevernberedskap, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.

Ein behovsanalyse viser at beredskapen i Nordhordland vil vere svært god, sjølv utan det statlege Fedje-depotet.

— Det er stor privat kapasitet på Mongstad og Sture som raskt kan mobiliserast. Samla vil den private, kommunale og statlege beredskapen i Nordhordland vere den klart mest slagkraftige langs heile norskekysten, heiter det i ei pressemelding.

— Ved å flytte depotet frå Fedje til Florø får vi ei betre utnytting av dei samla ressursane innan oljevernberedskapen, seier fiskeristatsråden.