7. juni 2010 ville Statens vegvesen starta innkreving av bompengar på Vossapakko. Nærare bestemt på E 16 mellom Dale og Bolstadøyri og på Rv. 13 mellom Voss og Skjervet. Men det vert det truleg ikkje noko av.

I møte torsdag bad fylkesutvalet om endring av vegvesenet sitt forslag til plassering mellom Dale og Bolstadøyri. Statens vegvesen har alt lagt til rette for bomstasjon mellom Dalseid-tunnelen og Trollkonetunnelen, som er innanfor Vaksdal kommune. Men fylkesutvalet bed no om at bommen vert flytt aust for avkøyring til Verpelstad gard.

Gardsturisme

Grunnen er omsynet til gardsturisme på Verpelstad, der storparten av kundane kjem frå bergensområdet. Dei skal altså få ta seg fram til Verpelstad utan å betala bompengar.

Men no vert det opp til Vegdirektoratet å ta endeleg avgjerd. Prosjektleiar for Vossapakko, Lars Magnar Røneid, seier til bt.no at bomstasjonane no truleg ikkje kjem opp før etter sommarferien. Røneid trur plasseringa vert mellom Kluftafjellstunnelen og Hyvingstunnelen.

Mellom Voss og Skjervet har det vore spørsmål om å flytta bomstasjonen for å gje fritt leide til hytteeigarane på Bulko. Men fylkesutvalet brydde seg ikkje om det.

Satsane

Det er lagt opp til at bomstasjonane for Kvammapakken, i Steinsdalen og på grensa Kvam/Granvin, skal i drift samstundes med bomstasjonane for Vossapakko. Men også i Kvam ligg dei etter ruta, slik at det vert bompengefritt også der gjennom det meste av sommaren.

Vossapakko og Kvammapakken får like bompengesatsar. 40 kroner for liten bil og 80 kroner for stor bil. Det vert betaling i begge retningane, men berre ei betaling innanfor ein time. Med førehandsbetaling kan ein oppnå 30 til 50 prosent rabatt, står det i pressemeldinga frå fylkesutvalet.

Sei di meining her.