— Då får Sogn og Fjordane det dårligste NRK-tilbudet i heile landet, konstaterer distriktsredaktør Magni Øvrebotten.

I dag kom den endelege avgjerdsla frå sjefane hennar - nyhendedirektør Anne Aasheim og Bernander. NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane skal smelta saman. Dersom då ikkje NRK-styret sørgjer for heilomvending i siste stund. Saken vert handsama i styret 26. august.

Det har og vore aktuelt å flytte distriktskontoret i Sogn og Fjordane nordover til Ålesund.

— Mange her på Førde-kontoret meiner det hadde vore betre. Sjølv tykkjer eg både alternativa er like ille, seier Øvrebotten.

Distriktsredaktøren har no registrert.

— Det er ikkje lenger noko vi kan gjere internt i NRK. No er det kun politikarane som kan redde oss.

Føremålet med omstillinga er kort og godt å spare pengar. Nærare bestemt 2,5 millionar kroner.

— Redaktøransvaret vert flytta til Bergen, og her i Førde får vi ein filialfunksjon, seier Øvrebotten.

— Noko fullstendig kringkastingstilbod ein allmennkringkastar kan seie seg nøgd med, vert det uansett ikkje.

HAR BESTEMT SEG: John G. Bernander.