ARNE HOFSETH

Forskarane er rimeleg trygge på at lakselusa tek knekken på smolten på den ytste halvdelen av den ti mil lange vandringsvegen frå Bolstadøyri til Fedje. Men den massive smolt-døden i den indre halvdelen av fjordsystemet, er framleis eit mysterium.

Forsøk med radiomerka smolt viser at svært mange ikkje ein gong overlever vandringa ut Bolstadfjorden. Andre stryk med ved Nordhordlandsbrua. Her inne er det ikkje lusa som drep. Ho trivst ikkje i vatn med lågt saltinnhald.

Teorien om Nordhordlandsbrua som lydsperre og akustisk dødsfelle vart lufta på møtet mellom forskarane og folket under forskarseminaret som er halde på Voss dei to siste dagane. Forskarane sin reaksjon er at dei veit ikkje.

— Så langt er dette berre teori. Til no har vi ikkje forska på dette mysteriet, seier koordinatoren for prosjektet, Bjørn T. Barlup ved Universitetet i Bergen.

I første omgang ventar han på reaksjon på eit brev han sende vegstellet sist vinter.

Også massedøden av smolt i Bolstadfjorden er ei gåte. Ein mistanke er retta mot endra ferskvasstilførsel i Bolstadfjorden i vandringstida, som fylgje av kraftproduksjonen på Evanger. Men kraftverket kom i drift eit par tiår før laksen vart borte. Likevel er det innleidd eit samarbeid med BKK om vidare utgreiing av dette spørsmålet.

Forskarane er no sikre på at årsakene til samanbrotet for Vossolaksen ligg på den ti mil lange symjeturen frå Bolstadøyri til Fedje. Vegbygginga langs Vosso er frifunnen som avgjerande årsak. Forskarane har også greidd å avgrensa tidsrommet til nokre få veker i mai. Men dei har ikkje peiling på korleis laksestamma kan reddast før det er for seint.