TERJE ULVEDAL

Dagen etter at fleire lokalaviser og lokalradioen i Sogn og Fjordane melde at Miljøverndepartementet hadde gitt grønt lys for byggje flytande hytter i strandsonen, er det sterkt delte meiningar om konsekvensane av vedtaket.

— Det vi har gjort er å fatte eit vedtak i ei konkret sak frå Bremanger, og der gitt løyve til å byggje to hytter i sjøen. Vi har absolutt ikkje gjort noko vedtak som på generelt grunnlag opnar for flytehytter. Dei som studerer vedtaket vil sjå at det er svært strengt, seier politisk rådgjevar Åshild Mathisen til Bergens Tidende.

— Kva forklaring har departementet då på at ulike media har ein annan versjon?

— Vi kan ikkje heilt forstå korleis dette har komme så skeivt ut.

Prototypen

Byggmeister Ole Stenbakk har i meir enn tre år arbeidd for å få løyve til å byggje flytande fritidsbustader. Bremanger kommune har lagt ut tre sjøhyttefelt, og ved eitt av desse har Stenbakk ført opp ein prototype han vil byggje fleire av. Meininga er å få til lokal produksjon av fritidsbustader som kan ankrast i sjøen.

I følgje avisa Firdaposten var det Stenbakk sjølv som tok saka opp på eit valmøte i Bremanger sist veke. Til stades var stortingskandidat Per Steinar Osmundnes. Han tok ballen vidare til sin KrF-kollega, statsråd Hardeide.

Berre få dagar seinare kjem så avgjerda. Departementet seier nei til to av tre omsøkte sjøhyttefelt i Bremanger. I det siste, der Stenbakks prøvehytte ligg for anker, vil dei gje løyve til at det blir bygt to hytter. Frå naturvernhald kom det i går sterke reaksjonar mot departementet.

— Ein av grunnane er at det i dette området frå før er bygt i strandsonen på land, forklarar Åshild Mathisen.

— Dersom det blir søkt om å få byggje ei tredje hytte, vil det vere OK?

— Kommunen er sjølvsagt fri til å søkje. Men i departementet har vi ikkje forplikta oss til å seie ja.

Prinsippvedtak

Både stortingspolitikar Osmundnes og byggmeister Stenbakk oppfattar avgjerda i departementet som ei prinsippsak. Stenbakk viser til at det er første gongen det er gitt eit slikt løyve. Han meiner avgjerda opnar for flytehytter over heile landet, og vil gå i gang med å byggje hytte nummer to i Bremanger. Osmundnes meiner det same:

— Det blir no opna for at kommunane kan søkje. Og det er ikkje lenger automatikk i at det skal seiast nei til slike søknader, seier Osmundnes.

Men i departementet kan dei ikkje sjå at det er gitt noko som helst prinsipiell tilslutnad til flytehyttefelt.

— Alle slike saker skal også i framtida godkjennast av staten. Vi har i vårt vedtak tvert om understreka at kommunane skal leggje seg på ei streng line. I Miljøverndepartementet ser vi heilt klart at flytande hytter kan verke som framandelement i landskapet. Dei kan stengje for ferdsel på sjøen og tilkomst til land, kort sagt hindre den retten ålmenta har, seier Mathisen.

LUKSUS PÅ SJØEN: Miljøverndepartementet meiner dei ikkje har opna opp for hyttebygging i sjøen. Plasseringa av prototypen på flytehytta Ole Stenbakk har lagt for anker her i Vågane i Bremanger, vil derimot bli godkjend når kommunen får justert planane sine. <br/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH