— Det var som forventa, men eg er alltid glad for alle pengar me kan få, seier Jan Morten Myklebust, flyplassjef på Stord lufthamn, Sørstokken.

Den vesle flyplassen mellom Bergen og Haugesund har med sterk støtte frå næringsliv og industri i Sunnhordlandsregionen sikra seg plass i Nasjonal transportplan (NTP) fram mot 2019. I planen ligg det inne eit årleg driftstilskot på 12 millionar kroner, men det må godkjennast av Regjeringa kvart år, ifølgje flyplassjefen.

Trafikkvekst til no

Tårntenesta får dessutan ei årleg støtte på fem millionar kroner.

— Desse pengane er veldig viktige for den vidare drifta av Stord lufthamn, seier Myklebust.

- Er det nok?

— Me skulle sjølvsagt hatt litt meir, men pengane som no kjem er veldig nyttige for oss, seier han.

Ei trafikkvekst på fem prosent ved utgangen av september i høve til same periode i fjor, gleder flyplassjefen. Det har dessutan vore ei 15 prosent auke i landing og avgang ved Stord lufthamn.

— Det skuldast stor treningsflyging på Stord fordi det er så trongt om plassen på Flesland, forklarer Myklebust.

Kuttar i vinter

Denne vinteren må dei derimot redusera ruteflyginga grunna redusert aktivitet ved verftet Kværner Stord AS. Lufthamnstyret og flyselskapet DAT har i fellesskap bestemt at Osloruta blir redusert med to rundturar kvar veke i perioden 1. oktober til 29. februar, skriv avisa Sunnhordland.

— Me kuttar ein flight torsdag morgon og ein flight fredag kveld. Når Kværner Stord ikkje har så mykje arbeid, merkar me det fort hos oss. Frå mars er det venta at trafikken tek seg opp att i samband med at verftet får auka aktivitet med Eldfisk-prosjektet, seier Myklebust.