Iallfall håpar flyselskapet Coast Air at polske leigearbeidarar vil nytta seg av flyruta som opnar 20. november mellom Stord lufthamn Sørstokken og Lech Walesa flyplass i den polske byen Gdansk.

Coast Air er stadig på jakt etter nye innteningsmoglegheiter etter samla tap på 65 millionar kroner dei siste fire åra. Tidlegare i haust opna Haugesund-selskapet ei rute mellom Haugesund lufthavn Karmøy og København.

Direkteruta mellom Gdansk og Stord går to dagar i veka, tysdagar og onsdagar.

Frå før har Coast Air blant anna ei dagleg rute mellom Stord og Oslo. Selskapet disponerer i alt ni fly med 18 og 48 sete. Coast Air er eigd av skipsreiar Trygve Seglem i Haugesund.