Stord lufthamn sin hovudeigar Stord kommune er siste håp for å få på plass det naudsynte lånet på 12 millionar kroner. Seks private finansinstitusjonar har sagt nei.

Kommunestyret tek torsdag stilling til Stord sin del av lånet — 9,5 millionar - etter at minoritetseigar Hordaland fylkeskommune har sagt ja til å låna 2,5 millionar kroner.

Nye opplysningar

Stord-rådmann Magnus Mjør innstiller negativt overfor formannskapet som behandlar lånesøknaden onsdag. Men han opnar for å endra haldning etter at flyplasstyret har levert nye opplysningar og budsjett.

— Det er grunnlag for å stilla spørsmål ved styre og leiing sine disposisjonar, heiter det i innstillinga frå rådmannen, som er i tvil om at lufthamna sine problem vil vera løyste ved eit lånetilsegn.

— Situasjonen er kritisk. Men vi har gitt kommunen eit oppdatert og gjennomarbeidd budsjett som etter vår oppfatning dokumenterer at flyplasselskapet er fullt i stand til å betjena lånet frå eigarane, seier styreleiar Jon Lund i Sunnhordland lufthamn AS.

19 tilsette

Stord lufthamn Sørstokken har 19 tilsette og ei dagleg flyrute til Oslo operert av Danish Air Transport (DAT). Flyplassen står utanfor Avinor, men får 4,6 millionar kroner i årleg statstilskot til tårntenesta, og frå og med i år 12 millionar kroner i året til flyplassdrift og ruter.

— I eit møte med Samferdsledepartementet sist veke fekk vi lovnad om at siste rest av årets tilskot, 1,5 millionar kroner vil bli utbetalt med det første, seier Jon Lund.

Lund seier at selskapet var i god tru då Luftfartsverkets pålagde utbetringskrav blei gjennomført i sommar medan Oslo-ruta hadde feriestans - før det var gitt lånetilsegn for tiltaka.

— Vi fekk signal om at finansieringa ville falla på plass, men det drog ut og drog ut, seier Jon Lund.

Sist veke fekk Sunnhordland lufthamn AS 200.000 kroner i akuttlån frå Stord kommune for å greia å betala oktoberløn til dei tilsette.

Vel 22.000 passasjerar reiste over Stord lufthamn Sørstokken i fjor.

**Les og:

Redningspakke til Stord Lufthamn**