Søndag klokka 15 blei Flesland opna for trafikk. Helikoptertrafikken til oljeinstallasjonane i Nordsjøen starta med det same, og måndag vil også rutefly ta av og lette frå flyplassen.

Avinor har opna luftrommet heilt sør til Stavanger, og tillet avgrensa trafikk på Gardermoen. Ei ny melding frå Avinor kjem måndag klokka ni.

Alt tidleg måndag ettermiddag kan flyplassane bli stengde på nytt, og forbli det fleire dagar framover, skal vi tru den siste prognosane frå Meteorologisk institutt.

Prognosen, som vart lagt fram søndag kveld, går fram til onsdag morgon. Den viser at oskeskya tek til å drive inn over Noreg med aukande styrke, og auke i omfang fram til onsdag morgon. Skya vil tette det som har vore av opne lommer og dekkje storparten av Europa.

På Island er ekspertane i villreie om kor lenge vulkanutbrotet vil vare.

— Det kan halde fram som no i fleire dagar, men ikkje i vekevis, seier geofysikaren Magnus Tumi Gudmundson til Reuters.

Mange opnar måndag

Medan dei fleste flyplassane i Sør-Noreg vart opna søndag, held flyplassane lenger sør i Europa stengt. Frå Sør-Sverige til Nord-Italia var alle flyplassar stengde og ville tidlegast opne måndag.

Det var likevel unntak. I Sør-Frankrike, Spania og Polen opna flyplassane søndag. Det same gjorde flyplassar i Berlin, Hamburg, Leipzig og Hanover i Tyskland. I Russland er alle flyplassar opne.

Måndag blir venteleg langt fleire flyplassar opna. Transportkommisær Siim Kallas i EU reknar med at halvparten av luftrommet over Europa vil vere utanfor faresonen i løpet av dagen.

Store delar av luftrommet over Europa har vore stengd sidan torsdag, og Kallas meiner luftfartsstyresmaktene i Europa må finne ei løysing viss oska held fram med å kome.

— Vi kan ikkje berre sitje å vente på at oska berre skal forsvinne, seier han til Reuters.

Enorme tap for flyselskapa

Fleire flyselskap har vore kritiske til den massive stenginga av europeisk luftrom, noko som òg skuldast at dei taper enorme summar på stenginga. Konsulentselskapet Lewis PR har rekna ut at stenginga denne veka har påført flyselskap, hotell og reiarlag tap på om lag ni milliardar kroner.

— Flyselskapa står åleine framfor ei massiv rekning som følgje av tapte inntekter og enorme utgifter til husly og heimreise for stranda passasjerar, seier Paul Charles i Lewis PR til telegrambyrået AFP.

Ifølgje Charles står ei rekkje reise- og transportselskap på konkursens rand.

Den internasjonale luftfartsorganisasjonen IATA reknar med at reisekaoset kostar flyselskapa om lag 1,2 milliardar kroner dagen.

Les fleire saker om vulkanutbrotet.