Skulle den ordinære straumforsyninga svikte, vil alt utstyr på flyplassen bli sett ut av drift omgåande. Flyplassleiinga meiner det difor ikkje er forsvarleg å halde trafikken gåande.

Teknikarar er i gang med å finne feilen, men det er ikkje klart kor tid flyplassen på Haukåsen kan bli opna att.

Passasjerar blir sende med buss eller drosje til anten Førde eller Sandane. Reisande blir bedt om å ta kontakt med flyplassen.

Haukåsen flyplass i Sogndal er stengt inntil videre.
Tor Yttri