Sidan i vår har selskapet, som er eigd av Stord kommune (79 prosent) og Hordaland fylkeskommune (21 prosent), arbeidd iherdig med fånyttes for å få inn ny kapital. Men det lokale næringslivet har vegra seg. No set lufthamnselskapet si lit til Stord kommune, som sjølv står til halsen i økonomiske problem.

Det er investeringa i eit nytt terminalbygg i 2001 som har påført Sunnhordland Lufthamn AS store kapitalutgifter. Selskapet har ei samla gjeld til eigarane sine på 7,4 millionar kroner.

Ifølgje Stord-rådmann Martin Dahle er den økonomiske stoda kritisk. Vidare drift er avhengig av at eigarane ikkje krev renter på avdrag og lån.

Stord kommunestyre tek stilling til korleis gjeldsproblematikken skal handterast 12.desember. Rådmannen meiner ei løysing der kommunen tek over alle flyplasselskapet sine eigedommar i Sørstokken.

Likviditetskrisa i flyplsselskapet skjer samstundes som Stord lufthamn har ei fin passasjerutvikling. Årest passasjertal ligg an til å bli 27.000, mot 20.000 i fjor. Det er Golden Air si Oslo-rute som er basis for flygingane på Sørstokken. Passasjertalet var om lag dobbelt så stort som årets i 1998.