Heldigvis er det berre rollespel.

— Rollespel er så gøy, seier Silje Høysæter, ho kjem dragande på ein sovepose. Har bustete hår, fillete kle og ein liten blekkboks i neven. Ho var boms og tiggar i denne første delen av spelet. Seinare skal ho spela securityvakt og UDI-tolk.

No står ho att utaføre Ådnamarka skule saman med nokre få andre. Resten av den store flokken på 45 bergensspeidarar i alderen 13 til 17 år er over alle haugar. I to timar skal dei vera på flukt før dei vender tilbake til skulen, som då skal illudera hovudstaden i Somalia der flyktningane skal gjennom eit stort byråkrati i håp om å få løyve til å reisa ut av landet.

Fekk somalisk identitet

Silje og 15 andre er instruktørar i rollespelet som blir arrangert av speidargruppa Arnatveit NMU i samarbeid med Røde Kors Ungdom.

— Målet med rollespelet er å gje dei unge eit innblikk i korleis det er å vera flyktning, seier Hanne Beate Vatnedal frå Røde Kors som leiar spelet.

-Etter å ha vore med på dette blir det annleis for dei å sjå og lesa om flyktningar. Vi håpar rollespela kan vera med på å hindra framandfrykt og rasisme, seier ho.

Før spelet starta, fekk alle tildelt ny somalisk identitet og blei inndelte i fleire ulike familiegrupper. Gruppene var i ferd med å slå seg ned på skuleplassen på Ådnamarka då dei blei jaga.

Etter flukta ventar eit utmattande og bortkasta møte med byråkratiet før dei må flykta på nytt, denne gongen ulovleg ut av Somalia og inn i Jemen der dei får nokre timars kvile i ein flyktningleir. Så er det to timars natteflukt med soldatar i hælane.

Dei heldige tre prosent

Flokken hamnar i Noreg og må gjennom alle vanlege prosedyrar før oversendinga til eit flyktningmottak. Dei blir intervjua av UDI og det endar med at vel tre prosent får asyl, like mange som i det verkelege livet.

Alle deltakarane har med seg sekk med varme kle og sovepose.

— Dersom nokon lurer med seg mat og snop, blir det konfiskert av oss. Deltakarane får berre utlevert ein dagsrasjon med mat lik det som er vanleg å få i eit flyktningleir, 35 gram ris, fortel Hanne Beate. Rollespelet starta klokka tolv laurdag og går i eitt til klokka tolv søndag.

Sunde, Helge