Flyktning for eit døgn
Dei ser ikkje slik ut, men dei er flyktningar frå Somalia. Dei spring alt dei kan forbi blokkene i Indre Arna med militære i hælane.
- Publisert: 15.okt.2006 06:00
- Oppdatert: 15.okt.2006 09:17
Heldigvis er det berre rollespel.
- Rollespel er så gøy, seier Silje Høysæter, ho kjem dragande på ein
sovepose. Har bustete hår, fillete kle og ein liten blekkboks i neven. Ho
var boms og tiggar i denne første delen av spelet. Seinare skal ho spela
securityvakt og UDI-tolk.
No står ho att utaføre Ådnamarka skule
saman med nokre få andre. Resten av den store flokken på 45 bergensspeidarar
i alderen 13 til 17 år er over alle haugar. I to timar skal dei vera på
flukt før dei vender tilbake til skulen, som då skal illudera hovudstaden i
Somalia der flyktningane skal gjennom eit stort byråkrati i håp om å få
løyve til å reisa ut av landet.
Fekk somalisk identitet
Silje
og 15 andre er instruktørar i rollespelet som blir arrangert av
speidargruppa Arnatveit NMU i samarbeid med Røde Kors Ungdom.
-
Målet med rollespelet er å gje dei unge eit innblikk i korleis det er å vera
flyktning, seier Hanne Beate Vatnedal frå Røde Kors som leiar spelet.
-Etter
å ha vore med på dette blir det annleis for dei å sjå og lesa om
flyktningar. Vi håpar rollespela kan vera med på å hindra framandfrykt og
rasisme, seier ho.
Før spelet starta, fekk alle tildelt ny somalisk
identitet og blei inndelte i fleire ulike familiegrupper. Gruppene var i
ferd med å slå seg ned på skuleplassen på Ådnamarka då dei blei jaga.
Etter
flukta ventar eit utmattande og bortkasta møte med byråkratiet før dei må
flykta på nytt, denne gongen ulovleg ut av Somalia og inn i Jemen der dei
får nokre timars kvile i ein flyktningleir. Så er det to timars natteflukt
med soldatar i hælane.
Dei heldige tre prosent
Flokken
hamnar i Noreg og må gjennom alle vanlege prosedyrar før oversendinga til
eit flyktningmottak. Dei blir intervjua av UDI og det endar med at vel tre
prosent får asyl, like mange som i det verkelege livet.
Alle
deltakarane har med seg sekk med varme kle og sovepose.
- Dersom
nokon lurer med seg mat og snop, blir det konfiskert av oss. Deltakarane får
berre utlevert ein dagsrasjon med mat lik det som er vanleg å få i eit
flyktningleir, 35 gram ris, fortel Hanne Beate. Rollespelet starta klokka
tolv laurdag og går i eitt til klokka tolv søndag.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Forslått mann funnet på Høyden
Bar preg av å være banket opp. Har ligget ute i hele natt.
-
- Måtte bare slenge bilen av veien
Kvinne påkjørt, flere biler i grøften. Ekstremt glatt flere steder.
Vegrapport
-
Rv 50
Vassbygdi - Grimsete
-
Ev 16
Nyheim - Gudvangen
-
Ev 16
Håbakken - Borlaug
-
Rv 13
Nesflaten - Røldal
-
Rv 13
Jøsendal - Odda
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 22:59 Toppkamp i vintervær
- 22:22 Dypdykker i middelalderen
- 21:24 Ville ha pappaperm: Ble ikke ansatt
- 21:02 Misbrukte stesønnen
- 20:12 Britisk par lot sjuåring sulte i hjel
- 19:57 FFK slo Sogndal
- 19:53 Toppkamp i snøvær
- 19:46 Ehiorobo fortsetter i Løv-Ham
- 19:05 Ønsker seg Huseklepp
- 18:40 Dømt for ran
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.
























































