PER MARIFJÆREN

ARNE COLLIANDER

Med sine rundt 50 ekspressbussruter er Nor Way landets desidert største på ekspressbuss. Sist veke opplevde selskapet ei tilnærma tredobla pågang frå kundane samanlikna med same veke i fjor.

— All uvissa knytt til flytrafikken den siste tida gjer at folk tydelegvis ser seg om etter alternativ, seier administrerande direktør Bjørn Østbye.

Tener på turbulens

Nor-Way Bussekspress er eigd av rundt 40 rutebilselskap landet rundt, og selskapet garanterer at alle skal få plass. Også når det står på som verst rundt 22. og 23. desember.

— Vi har plassgaranti, og dermed ikkje bestilling på førehand. Derfor er det vanskeleg å spå nøyaktig kva effekt luftturbulensen får på våre passasjertal. Men vi ser at talet på førespurnader til våre kundesenter har auka voldsomt no i forkant av juletrafikken. Samanlikna med same veke i fjor var talet sist veke nesten tredobla, opplyser direktøren.

Østbye reknar ikkje med at dette vil bety ei tilsvarande auke i det faktiske passasjertalet i julehelga, men reknar likevel med ei merkbar auke samanlikna med jula i fjor.

— Vi reknar forsiktig med ei auke i passasjertalet på mellom ti og femten prosent, seier Østbye.

Tog som normalt

— Har de nok bussar og sjåførar til å innfri løftet om at alle skal få plass?

— Vi har jo gått høgt ut med denne garantien, og reknar med å kunne halde den. Våre eigarselskap står klar med alt sitt tilgjengelege materiell, og vi har også sikra oss ein del eksterne bussar som vi kan stille på kort varsel her i Oslo, seier Østbye, som reknar med at juletrafikken byrjar å bli merkbar på ekspressbussane allereie frå måndag av.

Men ikkje alle reisealternativa har merka Avinor-effekten - i alle fall ikkje så langt. Ved informasjonsavdelinga i NSB får Bergens Tidende opplyst at det ikkje har vore unormalt stor pågang etter togbilletter i samband med juletrafikken. Men så er da også juletoga omtrent fulle kvart år, og slik er det også dette året.