416 ungdommar har søkt seg inn på bygg— og anleggsteknikk i Hordaland dette året, ifølgje prognoseinntaket for vidaregåande skular. Det er ein nedgang på 104 søkjarar i forhold til i fjor.

Om ein samanliknar med 2007, er nedgangen i søkjartala til Vg1 byggfag på heile 25 prosent. Inntaksleiar Nils Skavhellen er ikkje overraska.

– Byggebransjen har fått smellen i finanskrisa, og det har vore mykje fokus på permitteringar og oppseiingar i denne bransjen, seier Skavhellen.

Færre lærarstillingar å fylle

Årstad Vidaregåande skule er blant taparane i kampen om elevane. Dei førebelse søkjartala viser at skulen får 128 færre elevar i 2009 enn i fjor. Rektor Inger Morken er overraska over dei dystre tala.

– Eg tykkjer det er store utslag. Vi venta nedgang på grunn av mindre aktivitet i byggjebransjen, men eg syns søkjarane reagerer vel fort. Finanskrisa kjem til å gå over, og vi vil trenge hus også i framtida, seier Morken.

Elevflukta betyr omstillingar for for Årstad vgs.

– Dette får konsekvensar for talet på lærarar vi kan ha til å betjene elevane vi kjem til å få, seier Morken.

Som på 1980-tallet

Skavhellen understrekar at det er to år til byggfagelevane skal ut i lære, og at den økonomiske situasjonen innan den tid kan ha endra seg til det betre.

– Vi ser dei same signala som på slutten av 1980-talet. Då var det få søkjarar til byggfag, og få utdanna fagfolk når det vart trong for dei nokre år etter.

Han meiner derfor det er svært viktig at verksemdene klarar å halde eit stabilt tal på inntak av lærlingar.

Opptur for helsefag

Sjølv om færre søkjer seg til byggfag, er ikkje det tilfelle for andre yrkesfag. Fleire søkjer seg til teknikk- og industriell produksjon, og oppslutninga rundt elektrofag er heilt stabil.

Skavhellen trur årsaka til dette er at oppseiingar innanfor desse bransjane har vore mindre omtala over tid.

Også søkjartala til Vg1 helse- og sosial viser ein liten auke på 31 elevar i forhold til i fjor. Dette har vore ein trend dei to siste åra, men framleis er det skrikande behov for søkjarar til helsearbeid.

Ifølge inntaksleiar Nils Skavhellen er det nokre skular som har vore spesielt flinke til å rekruttere elevar til helsefag. Han nevner Kvinnherad og Knarvik som stjerneeksempel.

— Det er positivt at skular har klart å snu søkarane bort frå barne- og ungdomsarbeid og over på helsearbeid. Det er på helsearbeid det verkeleg er behov for folk i framtida, seier Skavhellen.

Laber interesse for mat

Nest etter byggfag, er det restaurant- og matfag som taper flest søkjarar.

– Skulane som tilbyr dette faget, hadde på førehand håpa at finanskrisa ville føre til ein oppsving. Uansett om det er gode eller dårlege tider, så må jo folk ha mat, seier Skavhellen.

Men oppturen slo ikkje til, og utdanningsprogrammet er på eit botnnivå. Sidan 2006 har talet på søkjarar gått ned med ein tredjedel.

– Restaurant- og matfag har hatt ein nedadgåande tendens etter at det blei slutt på dei store matprogramma på TV, som til dømes Jamie Oliver, seier Skavhellen.

Søkjarar til vidaregåande i Hordaland:

Kva har finanskrise å sei for dine studieval? Skriv gjerne ein kommentar i feltet under.

ARKIVFOTO: Brekke, Eirik