I 2002 flytta ekteparet Anne Myklebust Odland og Otto Christian Odland frå Oslo til heimbyen hans, Bergen. Faktisk var det Oslo-jenta Anne sin idé.

i — Eg studerte i Bergen, elskar byen og hadde lyst til å bu her, fortel Anne Myklebust Odland til BT.

Tre år seinare har ho fått nok av nedbør, regnklede, gummistøvlar og utfluktsplanar som går i vasken på grunn av dårleg vèr. Tobarnsfamilien flyttar no tilbake til hovudstaden. Det første flyttelasset går onsdag.

— Å ikkje sjå sol på fleire månader gjer noko med deg. Du får ei matt kjensle i kroppen, og mister all tiltakslyst. Det blir liksom ingenting å sjå fram til. No gler eg meg veldig til meir stabilt vêr!

Dansa tango for å gløyme

For skiglade Anne har vintrane vore verst. Frå Oslo er ho vane med snø og lange skiturar i Nordmarka. Slike turar er det blitt fint lite av på Vestlandet.

— Vinteren i fjor tok kaka. I januar regna det heile tida. Eg vart skikkeleg gretten og i dårleg humør. Berre spør mannen min!

Den første vinteren i Bergen gjekk ekteparet på tangokurs, for å få tankane over på andre ting enn vêret.

— Det hjalp. Før vi fekk eit barn til, kunne vi dessutan lettare dra til Kvamskogen på ski, når vèret var fint.

I dag har paret eit barn på 8 månader og eit på 3 år. Mannen er musikar, og ofte på jobb i helgane.

— Då blir det eit kjempepes å dra til fjells aleine med to barn og pulk.

Uventa glimt av sol

I Bergen har Anne Myklebust Odland jobba som frilansjournalist, blant anna i Bergens Tidende.

— Ofte har frilansyrket redda meg, fordi eg kunne dra på tur, når vêret var fint.

Då har det vore verre i intense jobbeperiodar, i kombinasjon med store mengder nedbør. Men Anne har også tatt vare på dei gylne stundene.

— Eg var på jobb på Voss, det hadde regna og regna i vekevis og eg venta berre på at Noahs Ark skulle kome siglande ned gata, fortel ho til BT.

— Mens eg venta på toget, kom plutseleg sola! Eg gløymer aldri korleis det føltest stå der på perrongen på Voss, og nyte kvar solstråle.

Fleire vêrsjuke

For seks veker sidan flytta også musikarekteparet Ingun og Øyvind Bjorå frå Bergen til Oslo. Bergensklimaet gjorde valet enklare.

— Du trur det blir fint vêr, men plutseleg byrjer det å regne likevel. Vi hadde det kjempebra i Bergen på mange måtar, men vêret betydde meir for trivselen enn eg hadde trudd. Eg vart rett og slett vèrsjuk, seier Ingun, som understrekar at vèret ikkje var årsak til at familien på fire har flytta frå Vestlandet.

— Korleis er det å vere vêrsjuk?

— Om hausten og våren kan det vere ganske tøft. Kvar gong du ser ut, regnar det. Du blir i dårleg humør, og det er slitsamt med små barn og alt regnutstyret heile tida. Då får du så mykje meir energi av å sjå sola!