Bileigaren hevda på si side at tollbetjenten stod ved sida av bilen, og maksimalt måtte ta eit skritt bakover.

Retten meiner at bileigaren likevel prøvde å hindre tollfunksjonæren i å utføre ei lovleg tenestehandling.

Det var under ein kontroll i Førde sentrum i august i fjor at tollfunksjonæren oppdaga at bilen mangla årets oblat på nummerskiltet, og ved ein sjekk i registeret viste det seg at bilen var kravd avskilta i april same år.

Da bileigaren kom til, nekta han å vise legitimasjon. Tollfunksjonæren forklarte i retten at ho opplyste at bilen skulle avskiltast på staden, og at det var da eigaren stakk av med kjøretøyet.

Sunnfjord Tingrett slår på si side fast at tollbetjenten vart hindra i sitt lovlege arbeid, og at passande straff er fem tusen kroner i bot. På toppen må 39-åringen dekke to tusen kroner i sakskostnader.

Så spørst det da, om ikkje det likevel hadde blitt rimelegare for mannen å få bilen EU-sertifisert i tide.