Det var mandag denne veka at dramaet begynte. Sauebonde Arne Grindheim frå Etne hadde tatt seg fri frå jobb for å leita etter ei søye med to lam som han framleis ikkje hadde fått heim. Han har sauene sine i Reinsnos-området i Odda kommune, og ville gjera eit siste forsøk før vinteren kjem for fullt.

– Eg tok skia fatt og la innover i terrenget. Etter å ha gått i to-tre timar, begynte eg å sjå sauespor i snøen. Eg kunne nesten ikkje tru det eg såg, fortel han.

Avmagra

Plutseleg fekk han auga på tre sauer som stod under ein fjellknaus. Grindheim gjekk opp til dei for å sjå på klypene kven det var sine. Han noterte seg namnet og gjekk vidare opp i høgfjellet.

– Etter ei stund såg eg seks nye sauer, som stod under ein annan fjellknaus. Det var mikroskopisk det dei hadde å leva på der, så dei var tydeleg avmagra, seier Grindheim.

Snøen var så djup at det var umogleg for Grindheim å få med seg sauene på eiga hand, så han måtte berre gå frå dei. Om kvelden ringte han til bøndene som eig sauene. Dei tre første tilhøyrde ein bonde på Bømlo, medan dei seks siste var Sveio smalesamdrift sine.

Sveio smalesamdrift sine sauer beitar eigentleg i Belebotn sør for Litlos på Hardangervidda. Sauene har dermed gått langt utanfor allfarveg.

– Det første eg tenkte då eg fekk beskjeden var at dei måtte hentast ut fort. Me vurderte først å bruka snøskuter, men skjønte raskt at det var for lite snø til det. Me tenkte også på å gå innover med ski og pulk, men slo det frå oss, seier Ole Anders Våge, ein av tre sauebønder i Sveio smalesamdrift.

Då stod dei igjen med éi moglegheit: Helikopter.

Frakta i sekk

Airlift i Kinsarvik tok på seg det noko spesielle oppdraget. Våge og Grindheim fekk i tillegg med seg tre andre bønder på gårsdagens drama.

Dermed fekk dei sjekka resten av området for sau i same slengen. Dei batt sauene i føtene, putta dei i ein stor sekk og flaug dei tilbake til varmen.

– Turen tok berre eit par minutt, og sauene var så forkomne at dei ikkje gjorde motstand. Etterpå tok me dei inn i ein varm bil med mykje høy. Dei begynte å eta med ein gong, fortel Grindheim.

Han har aldri vore med på noko liknande.

– Det var ei stor oppleving. Helikopterfolka gjorde ein kjempejobb og flaug med imponerande presisjon. At sauene har overlevd så lenge er heilt utruleg. Dei hadde nok ikkje klart seg ei veke til, seier Grindheim.

– Utruleg letta

Grindheim kan ikkje skjøna kvar sauene har vore.

– Eg har vore til fjells kvar helg sidan september, men har ikkje sett dei. Det er eit mysterium, seier han.

Men sine eigne sauer fann han ikkje.

Dei flygande sauene er framleis forkomne, men har fått penicillin og vitaminsprøyter frå dyrlegen. Våge håpar at dei kviknar til av det.

Han er naturleg nok veldig takknemleg over å ha fått sauene heim.

– Eg er utruleg letta, for eg har tenkt mykje på dei. No treng eg ikkje fleire julepresangar, seier han og flirer.

HER FLYG DEI: Sauene blei frakta bort i ein sekk. - Presisjonsnivået til piloten var imponerande. Det var som om han frakta glas, seier sauebonde Arne Grindheim.
ARNE GRINDHEIM
FORFROSNE: Sauene stod og skalv av kulde ved fjellhammaren. - Dei hadde ikkje overlevd ei veke til, seier Arne Grindheim.
ARNE GRINDHEIM
UT PÅ TUR: Fem sauebønder var med på redningsaksjonen i Odda.
ARNE GRINDHEIM
TRYGT PÅ LANDJORDA: I bilen fekk sauene ein etterlengta dose med høy.
ARNE GRINDHEIM