Ein mannleg bilførar må rekne med bot for uvettig handling i trafikken etter at han seint tirsdag ettermiddag skulle kjøre boss til gjenbruksstasjonen på Straume.

Mannen hadde fylt tilhengaren, men ikkje sikra lasta skikkeleg. Dette medførte at papp, vannklosett og andre gjenstandar flaug gjennom lufta og råka bilen som kom kjørande bak, melder Radio Sotra.

— Porselenstoalettet skvatt av bilen og deiste i asfalten i Arefjord. Og du veit med slikt porselen og litt fart på bilen, så sprer det seg godt i vegbanen, fortel lensmannsførstebetjent Torstein Skeie ved Fjell og Sund lensmannskontor til bt.no.

Skeie ber folk sikra lasta godt når køyrer vekk boss før jul. For sotramannen blir nok juleryddinga litt dyrare enn mannen i utgangspunktet hadde tenkt seg.