Det er klart etter at Samferdsledepartementet i dag tildelte kontraktane på kortbanenettet dei neste tre åra.

I Sogn og Fjordane blir det ingen endringar. Widerøe held fram i Førde, Sogndal og på Sandane, DAT i Florø.

I alt var seks selskap med i konkurransen om å trafikkere kortbaneflyplassane. I tillegg til Widerøe og Danish Air Transport (DAT) var dette North Flying, Direktflyg, Highland Airways og UAB DOT. Sistnemnde er eit dotterselskap av danske DAT.

Widerøe er framleis totalt dominerande på kortbanenettet. Dei vann 15 av dei 18 ruteområda som var lyste ut. DAT og deira dotterselskap fekk dei siste tre konsesjonane.

Oddleiv Apneseth/ARKIVBILDE