Fotografia syner Åsane i ei viktig brytningstid og illustrerer ei reise i både tid og geografi. Åsane er her på veg frå å vere ei bygd i Indre Nordhordland til å bli ein bydel i Midthordland.

Vi ser starten på dei store utbyggingane som flytta tyngdepunktet frå fjordbygdene og inn til dei store sentralmyrane. Desse vart i løpet av 1950-talet kanaliserte og drenerte med tanke på maskinelt jordbruk, men vart i staden eit bynært og jomfrueleg byggjeland for industri, handel og bustader. Frå å vere eit av dei tynnast befolka områda i Åsane kommune skulle dette på få år bli senteret i Noregs største bydel.

Det er mykje som peikar framover i desse bileta, men det er også lett å sjå langt attende. Enno er det jordbruket som dominerer visuelt. Åsane var prega av relativt små bruk der jordvegen ofte vart kombinert med anna arbeid. Dette gjorde at utviklinga på mange måtar hadde stoppa opp og eldre bruksmåtar overlevde langt fram i tid. Bygningane og kulturlandskapet på desse bileta syner difor eit Åsane med klår kontinuitet fleire hundre år attende i tid.

Mange vil meine at 1960-åra ikkje er så lenge sidan. Desse bileta syner at dei no høyrer til midten av førre hundreåret.

Klikk her for å sjå nettutstillinga

Hvorfor flyfoto?

Widerøe Flyveselskap A/S
Widerøe Flyveselskap A/S
TOPPE: Toppe. Bortsett frå dei mindre uthusa og drivhusa står alle husa på biletet. Men, vegen gjennom tunet er i dag berre ein smal gangsti og mange hus har kome til. Som elles i Åsane har landskapet grodd att etter at gardsdrifta vart lagd ned. 28. juni 1978.
Widerøe Flyveselskap A/S
Widerøe Flyveselskap A/S