Flyet var på veg frå Molde til Stord då det måtte naudlande. Coast Air-maskina hadde fått ei rute i cockpit delvis øydelagt.

Berre mannskapet på tre var om bord då flyet måtte naudlande. Ambulanse, brann og politi var informert, men i følgje firdaposten.no landa flyet utan vanskar.

Flyet, som er av typen ATR-42, står no på flyplassen i Florø.