Snødjupna varierer frå 50 centimeter i botnen av bakken i Bjørkelia i Jølster til tett oppunder fire meter ved toppen av øvste skiheisen i snørike Hordadalen i Røldal.

Austpå er snømengdene langt mindre i år, men trakkemaskinene har teke godt vare på kvart einaste snøfnugg, både naturlege og kunstig framstilt med snøkanon. Difor er det fullt brukande tilhøve også der.

Dei største skisentra har ope dagleg heile vinteren, og har kveldskøyring frå to til fem kveldar i veka i tillegg. Dei mindre anlegga er no inne i mellomperioden mellom vinterferie og påskeferie, og held ope berre i helgane på dagtid. I anlegg som har flaumlys kjem kveldskøyring i tillegg.

I påskeferien, frå og med neste helg og fram til 2. påskedag, er alle alpinanlegga opne kvar dag, men opningstidene varierer ein del.