Ifølgje NRK Sogn og Fjordane kjem framlegget om å leggje ned sjukehusavdelinga til å bli lagt fram for styret i Helse Førde 31. mai.

Til same styremøtet kjem det også framlegg både om å redusere fødetilbodet i Lærdal ved å gjere den forsterka fødestova om til ei vanleg fødestove.

I tillegg kan det også bli aktuelt å utsetje oppstarten av eit behandlingstilbod for ruspasientar ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Grunnen til dei dramatiske framlegga er at helseføretaket i Sogn og Fjordane må spare 20 millionar kroner i år.