Det er fotballgruppa som har pådrege seg underskotet. I fjor åleine var resultatet på 300.000 kroner i minus.

Leiar for fotballgruppa, Arild Melvær, har likevel sagt ja til å halde fram i stillinga. Skulle han likevel bli bedt om å gå av, seier Melvær til Firdaposten at han ikkje har problem med å gje frå seg leiarvervet.

Årsaka til dei økonomiske problema skal vere for dårleg kontroll med utgiftene. Eitt av tiltaka for å få styr på økonomien er å heve treningsavgiftene.