Etter minst 60 år som utegangarar har geitene på Kvist utvikla sine særtrekk. Dyra er låge og kompakte, og dei har breiare bein enn «normale» geiter. Pelsen er også av ein spesiell type som ikkje liknar ragget til vanlege norske geiter. Dei har utvikla ein stor del av det ekspertane kallar for botnull. Dette er ull som finst på geiteslag som er tilpassa eit kaldt klima. Kasjmirull er eit døme på slik botnull. Geiter med kasjmirull har todelt fell, noko som gjer at dei toler regn og vind betre enn andre geiter. Kvistflokken ser ut til å ha utvikla ei tilsvarande todeling.

— Det er mange grunnar til å ta vare på geitene og deira spesielle eigenskapar. Alternative forskingsprosjekt bør difor diskuterast med eigaren, skriv Mattilsynet i brevet der dei godkjenner at flokken kan bestå av inntil 110 dyr.

Genressursutvalet meiner det bør takast prøver av geitene for å kartleggje genane, og samanlikne desse med andre geitestammer.

— Stamma har ikkje vore utsett for moderne avl. Dyra har eigenskapar som er viktige å ta vare på, og som kan bli viktige for framtidige driftsformer i landbruket, meiner utvalet.