Tida for turbulente nominasjonsmøter er ikkje over i Bergen Frp. Framfor møtet i går kveld hadde opposisjonen i partiet mobilisert.

Plassert på dei bakarste stolradene i møterommet på Hotel Noreg klarte dei å vippe partiets ordførarkandidat, Gunnar Bakke, ut frå andreplassen på lista til neste års kommuneval.

Gunnar Bakke tapte med 50 mot 55 røyster for den ukjende forsikringsmannen Steinar Fløiland frå Fyllingsdalen. Fløiland rykka dermed opp frå 31. til 2. plass på lista.

I voteringa etterpå vann partileiingas kandidat Tor Woldseth med ei fattig stemme over utfordraren Marita Skogan.

Partiets førstekandidat til neste års val, Liv Røssland, var tydeleg overraska og skaka.

— Det er litt underleg at vi har havna i denne situasjonen, sa ho til dei drygt 100 frammøtte.

Likevel ordførarkandidat

Det vart kamp om alle dei ti kumulerte plassane på lista, og Bakke kom først inn på lista igjen ved at Ellinor Vårland trekte seg. Bakke blir partiets 8. kandidat.

Likevel blir han partiets ordførarkandidat. Den rolla går vanlegvis til andrekandidaten på lista. Men nominasjonsmøtet hadde eit eige vedtak på byrådsleiar- og ordførarkandidat etter vallista var klar, og der vart Bakke valt samrøystes.

Steinar Fløiland på si side auka ikkje sine aksjar i partileiinga då han frå talarstolen kom med eit dårleg skjult spark mot leiinga, idet han skulle presentere venen Arne Vablum som motkandidat til lokallagsleiar Øistein Christoffersen.

— Han har jobba hardt for at vi skal få demokrati i Frp, og demokrati i Bergen. Slik har det ikkje alltid vore i Bergen.

Christoffersen vann med 59 mot 47 stemmer.

Til BT seier Røssland ho ikkje veit kven han er, mannen som no skal stå etter henne på vallista, Steinar Fløiland.

— Eg har aldri helst på han.

Lillebø, Jan M.