Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om høg vasstand frå Måløy og nordover kysten. I natt steig floa til godt og vel 40 centimeter over normalen i Måløy, og sjøvatnet seig inn i Gate 1. Det blei likevel ikkje gjort nemnande skader.

Statsmeteorolog Dag Kvamme ved Vêrvarslinga for Vestlandet seier prognosane tilseier endå høgare flo ved 13-tida i dag.

– Då kan vasstanden blir 52 centimeter over normalen, seier Kvamme.

Dette er likevel eit godt stykke unna rekorden. I 1993 blei floa i Måløy målt til 79 centimeter over normal vasstand.