Aksnes blei valt på ei ekstraordinær generalforsamling i Stord lufthavn AS i dag.

Hordaland fylkeskommune, som eig flyplassen saman med Stord kommune, kravde ekstraordinær generalforsamling etter at flyplassen kom i store likviditetsproblem i haust då det mangla finansiering for sommarens oppgraderingsarbeid.

Då bank etter bank sa nei, var det flyplasseigarane som til sist måtte gå inn med 12 millionar kroner i lån.

Til Aurland

Dag J. Aksnes slutta i år som Avinors toppsjef på Flesland og blei leiar for Aurland Ressursutvikling. Frå fem millionar årlege flypassasjerar på Flesland, får han no vel 20.000 trafikkantar på Stord lufthamn Sørstokken å fohalda seg til.

Aksnes er Stord kommune sin representant i det nye flypasstyret saman med Stein Nilsen – styremedlem i Rygge lufthavn med mangeårig SAS-bakgrunn — og sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Minoritetseigar Hordaland fylkeskommune sitt styremedlem er Os-ordførar Terje Søviknes. For dei tilsette går Cecilie Wiik Urdal inn i styret.

Naust og molo

– Vi får eit godt styre med ei brei erfaring. Samstundes må eg gi honnør til det avgåande styret som greidde å få Stord-flyplassen inn på Nasjonal transportplan med tolv millionar kroner i årleg tilskot, seier lufthamnsjefen på Stord, Jan Morten Myklebust.

Også Stord-ordførar Liv Kari Eskeland seier seg godt nøgd med det nye styret, som står framfor store utfordringar.

Oppgraderinga av flyplassen etter Luftfartstilsynets krav er enno ikkje ferdigstilt. Blant anna skal det byggjast veg, naust og molo for den nye redningsbåten. Byggemelding er sebdt, ifølgje lufthamnsjefen.