Nullalternativet baserer seg på dagens hamn på Dokken i Bergen sentrum supplert med auka bruk av hamnene på Mongstad og Ågotnes.

Vedtaket vart gjort samrøystes og utan debatt i Hordaland fylkesutval sitt møte på Finse i dag.

— To reelle alternativ

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg avviser at det dermed er avgjort at hamna hamnar på Flesland.

– Nullalternativet er eit reelt alternativ. I Nordhordland er det stor entusiasme for å satsa på Mongstad, og på Flesland er det motstand mot planane, seier fylkesordføraren.

På den andre sida er sjansane for kombinasjon med jernbane og ny godsterminal langt større på Flesland, legg ho til.

Bergen og Omland havnevesen har ikkje lyst til å flytta frå Dokken. Både hamnestyret og hamnerådet meiner at effektivisering og kombinasjon med dei to andre hamnene kan gjera Dokken til god hamn også i framtida.

– Det blir spanande å sjå kva svar utgreiinga gir på dei mange utfordringane, seier Torill Selsvold Nyborg.

NSB engasjert

I arbeidet med fylkesdelplanen for framtidig hamn i Bergensområdet har det versert ei rekke framlegg til lokalisering. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen seier at det ikkje verkar rimeleg å gå vidare med mange alternativ. Han fekk fullt medhald i at ein berre skal konsekvensutgreia to.

Som meldt i Bergens Tidende er NSB blant dei som har engasjert seg for å få hamna til Flesland.

Dei ser for seg å kunne køyra både gods— og persontog til Flesland, der fly, tog, bil og båt kan møtast. Hamn og godsterminal kan bindast saman med tunnelar under eksisterande og framtidig rullebane, og taksebaner.

Hamnevesenet og Jernbaneverket kan vederlagsfritt overta areal som Forsvaret flytter frå, men Avinor er aksjeselskap, og må kanskje betala.

Kva er det beste alternativet slik du ser det?