— Vi må i alle fall ha Flesland med i vurderinga, seier leiaren i Samferdsleutvalet i Hordaland, Gustav Bahus.

På møtet i går kveld gjekk utvalet langt i å signalisera at det er Flesland dei har mest tru på når ny hamn for Bergensområdet skal lokaliserast.

  • Dei vedtok at tilknyting til jernbane skal inngå i vurderinga.
  • Dei legg til grunn at NSB (som ivrar for persontog til Flesland) og Jernbaneverket deltek i planarbeidet.
  • Dei understrekar i vedtaket at den nye hamna skal planleggast som ei større nasjonal knutepunktshamn, og ikkje berre ei regional hamn for Bergen og omland.

Bergen midt imot

Bergen kommune har motsett seg hamn i Fleslandsområdet av miljøomsyn, og vil ta dette alternativet ut. Dei andre alternativa ligg i nabokommunane. For fylkespolitikarane gjeld det no å få bergensarane til å snu.

— Sjølv om det er lagt opp til ein fylkesdelplan, er det ganske utenkjeleg å plassera ein hamn utan at vedkomande kommune er med på laget, seier samferdslesjef Magnus Vestrheim i Hordaland.

— Det er viktig å ha klart for seg at plasseringa av hamna på Flesland er flytta i høve til tidlegare framlegg. Det er no snakk om å slå ein tunnel under rullebana og i stor grad nytta areal som Forsvaret disponerer i dag, seier Vestrheim.

Ein er med andre ord avhengig av at Forsvaret frigir areal for å koma i hamn, i dobbelt forstand.

Andre alternativ

Fylkespolitikarane ville i april ha vurdert minst seks alternativ for lokalisering av den nye hamna. Seinare har Fusa kommune lansert Bogøy. I går vart det vedteke at det skal skje ei siling i utkastet til planprogram, slik at ein ikkje treng konsekvensutgreia alle.

Sju alternativ stiller no til start: Dokken/Nøstet (dagens terminal), Lundaneset i Sund, Flesland i Bergen, CCB Ågotnes i Fjell, Vindeneskvarven i Fjell, Mongstad i Lindås og Bogøy i Fusa.