Det politiske fleirtalet plasserer hovudansvaret for gjennomføringa av prosjektet, og dermed også det katastrofale underskotet, hos rådmann Ørjan Raknes Forthun. Fleire av rapportane som er utarbeidde om skutefesten syner manglande budsjettkontroll, eit ansvar som må liggje på rådmannen som øvste administrative leiar i kommunen.

— Dette ansvaret er ikkje følgt opp på tilfredsstillande måte, heiter det i vedtaket.

Nesten mistillit Ordførar Roger B. Silden (Ap) får kritikk for fleire forhold. Han sytte ikkje for at det blei etablert formelle rutinar som innkallingar til møte, saksutgreiingar, referat og vedtak i komitear. Slike alvorlege manglar har gjort det svært vanskeleg å etterprøve kva som gjekk gale.

I vedtaket som gjeld ordføraren blir det lagt vekt på at han er direkte vald av innbyggjarane i Vågsøy. Fordi Silden blei direktevald til vervet ved siste kommuneval, treng han ikkje tillit frå kommunestyret.

Formuleringane gjer at det ligg snublande nær å trekkje den konklusjon at fleirtalet ville vurdert eit framlegg om mistillit, om Silden hadde vore vald av kommunestyret slik ordførarar vanlegvis er.

Tvil om habilitet

Fleirtalet kritiserer også Helge Hjelle for måten han har utøvd si dominerande rolle som prosjektleiar. I praksis var han også leiar av organisasjonskomiteen. I det daglege styrte Hjelle gjennomføringa av prosjektet.

— Med så mykje mynde følgjer eit stort ansvar for orden og dokumentasjon, noko som i stor grad har mangla, heiter det i vedtaket.

Fleirtalet strekar også under som svært kritikkverdig at det i ettertid kan bli reist tvil om Hjelle sin habilitet ved kontraktsforhandlingar i prosjektet. Han blir også skulda for å ha brote økonomi og finansreglementet til kommunen.

Rosar dei frivillige Samstundes med at dei tre kommunetoppane får passet sitt påskrive, rosar fleirtalet den frivillige innsatsen:

— Vågsøy kommunestyre vil rose og takke dei mange frivillige som stilte opp og gjorde sjølve arrangementet til eit positivt minne for svært mange.

Fem parti, Sp, SV, Raudt, Frp og bygdelista for Bryggja, stod fram framlegget som blei vedteke med 15 mot 12 røyster.

Mindretalet kunne ikkje slutte seg til den sterke kritikken. Ap og Venstre støtta eit framlegg frå Høgre som i langt meir varsame ordelag la ansvaret både på administrasjonen, ordføraren og heile kommunestyret.

Frå før hadde kontrollutvalet i kommunen gått inn for ei rekkje endringar i reglement og retningsliner som skal hindre at kommunen seinare skal bli påført liknande milliontap. Desse gjekk kommunestyret samla inn for.

Nok er nok

Kommunestyremøtet, som starta klokka 12 onsdag, blei eit maratonløp. Først 13 timar etter at ordføraren hadde sett møtet, klokka eitt natt til torsdag, kunne møteboka signerast.

I kring fem timar måtte Hjelle, Raknes Forthun og Silden svare på spørsmål frå dei folkevalde. I debatten etterpå fall det mange sterke ord.

— Det var eit flott arrangement, men ein økonomisk katastrofe. Det blei tidenes pengesluk i Vågsøy. Skuta segla på grunn, fastslo SV-representanten Viviann Midtbø.

Men mange var også opptekne av at no, femten månader etter at seglskutene forlet Måløy, må det bli sett sluttstrek. Saka har ridd lokalsamfunnet som ei mare. Kommunen har tapt pengar og omdøme, politikarrolla er svekt og det politiske samarbeidsklimaet er dårlegare.

— No er nok nok. Vi må slutte å kaste stein på kvarandre, sa Eva Marie Pleym Lund (V).

Øystein Torheim