Då Førde formannskap drøfta om dei skulle hyre inn Kjell Opseth som lobbyist for heimkommunen, argumenterte Bruland hardt for ein slik avtale. Eit av argumenta var at stortingspolitikarane ikkje slåss hardt nok for interessene til Sogn og Fjordane.

— Vi har eit problem. Det er at stortingspolitikarane frå fylket legg seg flate for politikken som blir ført på sentralt hald.

Hoddevik og Aarøen

På direkte spørsmål om lokalpolitikaren frå Ap også meiner dette gjeld partiets eigen stortingsmann, Reidar Sandal, snevra Bruland kritikken inn til i særleg grad å gjelde representantane frå partia som sit i regjering, Høgres Sverre Hoddevik og Magne Aarøen frå KrF.

— Det er eit faktum at dei andre partia ikkje har så stor innverknad på politikken som no blir ført på riksplan, svarte Bruland.

Også tidlegare har det komme sterk kritikk mot stortingspolitikarane frå Sogn og Fjordane denne valperioden. Både næringslivsleiarar og lokalpolitikarar har klaga over at dei tok på seg Oslo-briller straks etter valkampen i fjor. I særleg grad har kritikken retta seg mot Hoddevik og Aarøen.

Billegare sprit

Då nyvald KrF-representant Magne Aarøen karakteriserte fjorårets statsbudsjett som godt for Sogn og Fjordane og distrikta, fekk han så hatten passa av Gaular-ordførar Per Kjelstad.

— Det einaste godet Sogn og Fjordane får gjennom statsbudsjettet, er at brennevinsflaskene blir 40 kroner billegare, sa Kjelstad til avisa Firda den gongen.

Magne Aarøen føler seg ikkje treft av kritikken:

— Eg føler eg står opp og argumenterer for fylket i tråd med dei lovnader eg gav i valkampen. Hans Bruland er Ap-politikar, og eg ser på dette som eit typisk utspel mot den ikkje-sosialistiske regjeringa.

- Vunne vitale saker

KrF-politikaren meiner regjeringspartia har gode resultat å vise til, og ramsar i farten opp mange døme som dokumenterer innsatsen:

— Regionvegkontoret hamna i Leikanger, nedlegginga av flyplassar blei stoppa, vegrammene auka, landbruksoppgjeret blei romslegare enn under den siste Ap-regjeringa, og vi har ein statsråd som stoppa sentraliseringa av NRK. I tillegg er vi i gang med å flytte ut statlege arbeidsplassar. Eg føler at vi i saker som har vore vitale for fylket, har vunne fram.

Aarøen ber no kritikarane dokumentere påstandane.

— Det desse stadig negative tilbakemeldinga kan føre til, er at vi blir svekka som politikarar.

Det kjem aldri noko godt ut av å dukke andre. Dei som kritiserer burde i staden stilt seg bak oss.